Eit siste Ynskje Lyrics


Arva og ettermæle

Vil nokon hugse meg?

Vil namnet mitt stå i stein,

Eller gløymt av alle og einkvar?

Å vere meiningslaus

Stikk ein kniv i meg

Vrir han sakte rundt

I hjartet mitt

Er alt av meg utan verdi?

Mon tru kva står

Om hundre år

Mi gjerning må minnast

Mi gjerning skal heidrast

Vil ikkje forsvinne i gløymselen

Vil namnet mitt stå i stein,

Eller gløymt av alle og einkvar?

Eit ynskje om eit evig liv

Målet må rekkjast, det er no det må skje

Så lenge nokon hugsar meg for den eg ein gong var

Vil mitt liv ha hatt ei meining

Før mi siste ferd