Arva og ettermæle Vil nokon hugse meg? Vil namnet mitt stå i stein, Eller gløymt av alle og einkvar? Å vere meiningslaus Stikk ein kniv i meg Vrir han sakte rundt I hjartet mitt Er alt av meg utan verdi? Mon tru kva står Om hundre år Mi gjerning må minnast Mi gjerning skal heidrast Vil ikkje forsvinne i gløymselen Vil namnet mitt stå i stein, Eller gløymt av alle og einkvar? Eit ynskje om eit evig liv Målet må rekkjast, det er no det må skje Så lenge nokon hugsar meg for den eg ein gong var Vil mitt liv ha hatt ei meining Før mi siste ferd