Ifrå heimen han sette I gamal tid Mot frådande bylgjer I nord Med augo og hjarta etne av strid Med von om ei grøderik jord I løynda han sigma, med volve-brud I nordluten skulle han ferda Ei skinande viv i måne-skrud So skulle ljoset nå verda Det gnog i mast, det knaka i skott På reisa over land og flod Dei knela djupt, både trælar og drott Då ferdafolk i tunet stod I myrket, sine trådar volva spann Dei reiste hallar og hov Med blod og tårer til sola rann Leidangen hevda hans lov Sæmingen stupte og skalden kvad Om kvelden vart himmelen raud Nidingen kua seg neg og bad Yngve-Frøys hovding var daud Med spjut i hand, i stamnen han stod Ein konung av gjætord er kjend Eit heljaga andelt so lyste av ro I skuggjane framleis han stend