Eg kan smake flasset i ditt hår. Stryker over cellulittane på dine hårete lår. Du står der og tygge på di eiga brystvorte. Kjenner at golvet under meg blir borte. Synge karaoke til eg blir blå i trynet. Ikkje ei skjenkekontrollvakt i syne. Mannfolka er harde. Kvinnene er våte. My heart will go on. Ja, slik skal det låte. Lukta av nederlag og tap, ein stikkande eim. Vågen, du er min andre heim. Eg ramlar rundt i eit rom fylt med cymbalar, men ingen syns eg er bråkete. Du er vakrare i kveld enn nokon gong før. Men i morgon vil eg sjå at du er stygg og at eg er lei deg. Øl får ein sjølv om ein kræsjar i baren. På Vågen, er ingen store karen. Det finns ingen pretensiøse drittsekkar her. Langt i frå diamantar og kirsebær.