Skogskvad Lyrics


Gå deg til skogen, hogg deg eit tre, bygg deg ei løe i åsen.

Gjer deg ein varme, samle deg ved, så til vinters du ikkje vert frosen.

Finn deg ei hustru, gjer ho med born, så ein dag kan nokon deg arve.

Gjer deg ein åker med kveg og potet, så slepp din familie å starve.

Gå deg til fjellet, og reis deg ei koie, slik at du (og dine) har seter.

Dit kan dykk ferdast for å sanke litt bær, eller fylgje busetning som gjetar.

Finn deg ei utsikt, med elver og lyng, hit kan du rusle for tankar.

Eit sted til å undre, eit sted der du syng, eit sted du kan kvitte skavankar.

Og når veden tek slutt, og du tek til å frys, gjev arven din vidare til neste.

Lekamen din vert senkt i ei røys, og rikdomen grunnlag for feste.